Korleis byrja med uteklatring?

Korleis byrja med uteklatring?

Noreg har kjempefin ute klatring, både bynært og i storslått natur. Du finner alt frå snille nybyrjarvenlege klatrefelt, til Trollveggen som ragar 1000 meter rett opp. Å klatra utandørs gir ein heilt anna oppleving enn å klatra innandørs på plast. Men korleis kjem ein i gang?

I dag startar dei fleste å klatra innandørs, gjernemed buldring eller eit Brattkortkurs. Sidan du lese dette er du sikkert interessert i å klatra utandørs. Det aller luraste er å finna ut om klubben din tilbyr eit «inne-til-ute-kurs». Dette er eit kurs der du lærar alt du treng for å klatra sjølvstendig på sportsklatreruter utandørs, om du allereie Brattkort

Mange klatreklubbar tilbyr også fellesklatring utandørs for ungdommar, vaksne eller familiar. Dette er også ein fin måte å tilnærma seg utandørs klatring på. Sjekk med klubben din om dei har felles klatring for deg! Buldring er lett å starta med innandørs, det er nesten lika lett utandørs, men du treng litt utstyr.

Buldring i Østmarka - Foto: Synne Dagestad 

Uansett for å komma i gang treng du:

  • Ein klatreførar, er ei guidebok som fortel deg alt du treng vita om klatre/buldre-feltet. Du får informasjon om kor du kan parkera eller korleis du kjem deg til feltet med kollektivtransport eller sykkel, informasjon om lengda på klatrerutene, kor vanskeleg dei er, og ofte anna informasjon som er nyttig. Du finner også ofte tips om kva klatrefelt som er nybyrjar- eller familievenlege. Det krev litt erfaring å lese desse bøkene, men erfaring får du etter kvart!
  • Utstyr, du treng noko utstyr. Til tauklatring treng du om lag 12 kortslynger, eit langt nok tau (60 m held som regel), ein ekstra låsekarabiner, ei 120 cm  lang slynge og klatrehjelm. Elles brukar du same sele, sko og taubrems som du brukar innandørs. Til buldring treng du ei buldrematte, i tillegg til sko og kalk.
  • Topptau eller ledklatring. Utandørs finn du ikkje topptau ferdig oppsett. Og autobelay-system finst heldigvis heller ikkje. Derfor må du enten klatre led opp sjølv, eller finne ein anna moglegheit til å komme til toppen for å henge opp topptau dette er ikkje mogleg på alle klatrefelt). Dette krev kunnskap for å gjerast trygt. I tillegg må du læra deg å «renska» ruta, det betyr altså å ta med deg alt utstyret heim igjen. Dette lærar du på kurs!
  • Grader, graderingane inne og ute er i utgangspunktet lik. Me brukar som regel det norske systemet utandørs, men på grunna av ulike treningsappar har det franske graderingssystemet blitt meir og meir vanleg innandørs. Du finn ein graderingskalkulator i mange førarar eller så finn du dei på nett. Dei fleste vil nok uansett oppleva at klatregrader det er noko heilt anna utandørs enn innadørs.